Side:Martyra.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

framtia. Endaa ingen i den ti hadde tenkt paa aa bruke krut til aa skyte med, skreiv han: »Berre du set eld paa litegran krut, vert der ein sterk loge aa det smell som toreskrall. Me kan kome til aa øyelegge bya aa tropper med det«. Halfemte hundra aar før dampbaat aa jarnbane vart opfunne, skreiv han naar han tala om fysik aa mekanik: »Ein kunne gjere maskiner som va istand til aa drive skip fortare fram enn eit heilt mannskap kan ro, aa ein trengde berre ein lods til aa styre. Ein kunne faa vogner til aa renne utruleg fort uta hestehjelp. Ja det kunne jamvæl gaa an aa kome høgt op i lufta aa fare som fuglane.« 

Bacon va den fyrste som lærde folk aa røyne seg fram i vitenskapen. Det va ein kunst dette som kunne aa maatte læras. Røynsla va den beste hjelpesmann som fornufta kunne bruke for aa finne sanninga. Sjøl røynte han seg fram so langt som røynsle kunne naa.

Men det va ikkje aa vente, at denne modige tankehelten lenge skulde faa gaa laus. Daa paven Clemens døe va det slut. Bacon vart klagd for trollskap aa hekseri. Aa endaa han sjøl synte, at det ikkje va trollskap, men berre slikt som dei andre laag for laagt til aa skyne, vart han likevæl dømd til fengsel paa leveti, aa skriftene hans vart lyste i ban aa forbydde.

I 19 aar sat han i fengsel. Fyrst daa han væl va helselaus aa øyelagd av sorg aa harm, slap