Side:Martyra.djvu/138

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


paa anklagebenken. Det va dumt av han, kanskje. Men det va stort. — Ein Parsons som ha halde seg for go til aa møte for ein domstol so roten som domstolen i Illinois, aa helder vigt live sit til agitasjon for si sak, vilde eg ha respektert. — Vaar Parsons maa eg respektere aa elske.

Han va framifraa som talar aa blaskrivar. Skarptenkt aa framsynt; stortenkt aa varmhjarta. Til si siste stund tenkte han paa folke; han ha meir hjarteverk for dei som skulde leve att, enn over si eia laake avferd. »La folkerøsta verte høyrt!« va dei ora som reipe skilde fraa deira samanheng. Ein modig mann som vart utstøytt av si fine slegt for giftarmaale sit med indianar-jenta, aa som samfunde hengde for at han reiste seg imot det. Ein mann som torde sjaa sanninga aa døen i syne uta aa skjelve.

————————

Det hev sit verd aa sjaa kva ein lekamsfrisk aa sjælefrisk mann kan skrive eit par tima før han stig paa skafotte. Eg tek med her siste breve hans til ein gamal kamerat.

»Cook County fengsle, november 11, 1887 kl. 8 morgon. — Kjære kamrat Lum. Patruljen hev netop vekt meg. Eg hev vaska meg aa drokke ein kop kaffe. Doktaren spurde om eg trengde stimulanser. Eg sa nei. Dei kjære »gutane«, Engel, Fischer aa Spies, hev helsa paa meg med fjermt maal.