Side:Martyra.djvu/137

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


samfundsskipna som kyrkja alti hev spaat om aa kalla det tusenaarige rike, der al styring skal bli avskaffa aa Kristi lære slik som han sjøl lærde, om brorskap millom menneskja aa skaparens overhøge faderdom, vil verte grunlagd. Aa dette naar gud aa naturens orden ved aa ingyte i menneskja trang aa lengting mot eit slikt maal. Men, liksom der ikkje er syndeforlating uta blosutgyting, so trur eg, at det tusenaarige rikes anarkisme daa det berre vil vere ein hyrding aa al menneskjens herskarmagt avkasta, vil verte inleidd med den mest blodige revolusjon som tidsens anafa kan syne. — Er det forbrot aa fortelje dette som er spaat av seera aa menn inspirera av det hellige orakel? Skal eg hengas for at eg preika at den tia er nær, daa ingen herskar aa ingen kunstig lov skal hefte aanden aat den store nasaræars lære om go-vilje paa jor aa fre for alle, — det som vert frukta av den aalmenne brorskapen? — Daa fengsl prestane paa preikestolen, aa stein, som fordum, profetane! For slik steina dei profetane endaa blant hans utvalde folk, naar sende dei vart for aa vare folke mot kommande straffedom«.

(Av forsvarstalen hans for retten)
————————

Etter Hay-market opstyre kom han seg utav Illinois. Politie vilde aldri ha faat tak i han. Men daa forhøre byrja kom han friviljugt aa sette seg