Side:Martyra.djvu/136

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

dei gjore ved Maxwell her aa øyeleg arbeissparande maskiner. Dette aa meir vil me avvende, aa likevæl skrik kapitalistbla-a at me vil øyelegge maskinene aa rikdomen. Me kjenner aarsaka til elendigdomen; me vil ha aarsaka vek. Det er faamanns velde aa monopoliseringa av desse ting me vil tyne. Me vil, at al naturens kraft, al samfundskraft, denne kjempemagt som er resultate av vite aa arbeiskrafta aat framfarne tier, skal verte menneskjens tenar, men tenar aat alle. Me vil ingen gjere fortræd. Men naar me er vitne til det som gjeng for seg, naar me ser baan hustrande kring fabrikportane, desse smaa stakarane som endaa er blaute i sine bein, naar me ser dei gripne fraa heimen, dregne til arbeisbastillane, aa deira smaa bein malne til gullmask for aa prye formene aat ei eller anna aristokratisk Jezebel, daa harmas me aa maa snakke ut. Me forsvara desse smaa, me forsvara dei hjelpelause, me forsvara dei netrykte, me søkjer lindring for dei som li uret, me søkjer kunskap aa vit for dei vankunnige; me søkjer friheit for slayane; me søkjer alle sit beste. — For det skal me hengas!

— — — — — — — — — — — — — —

»Websters orbok hev tvo tyinga paa ore anarki, den eine —: uta herskar aa regjering, den andre —: uorden aa forvirring. Det siste er kapitalistisk anarki, slik som me no ser det over heile verda. — Men det fyrste, det aa vere uta herskar aa regjering med autoritet til aa diktere andre mot deira vilje aa eie beste, det er filosofisk anarkisme aa den