Side:Martyra.djvu/135

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

skal hente si løn, — istaenfor løn faar dei melding om at dei kan gaa. — Men, seier du, husslaven va bunden, lønslaven kan sleppe fri. — Hadde eg statestik, eg trur det kunne bli paavist, at likso mange husslava rømde med sin herres blohunda etter seg traskande over snødekkje aa fjellskrænta i Canada til dei va paa frifot — som dei som i dag kan krype or lønslaverie aa in i den kapitalistiske fridom. Eg er sosialist. Endaa eg sjøl er lønslave, so er eg ein av dei som held det for uret, uret mot meg sjøl, uret mot mine kamerata, — uret dette: for meg, lønslave som eg er, aa prøve aa kome meg ut av lønslaverie ved aa gjere meg til herre. Eg nekta aa gjere det, eg nekta aa vere korkje lønslave eller slaveeigar. Hadde eg valt ein annen livsveg, kunne eg i dag ha vore paa høgderne i Chicago, omgit i min heim av luksus, aa slava til aa lye min komando. Men eg valde den andre vegen, aa stend i dag paa skafotte. Det er mit brot. Himmelen skal vite, dette, aa dette aaleine er min ugjerning. Eg hev motarbeit det kapitalistiske samfunde. Dersom det er forbrot, so er eg skuldig«.

— — — — — — — — — — — — — —

»Sosialismen kjem til folke aa be dei sjaa paa samfundslive, diskutere, granske, finne fakta, — fordi det er den einaste maaten voldsverk kan avvendes paa, fordi folke i sit blinde raseri aa uvitande som dei er, ikkje ser aarsakerne, berre kjenner at dei er svoltne aa fortvila, aa slær blint, aa gjer som