Side:Martyra.djvu/134

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

planet vorte fraarøva sin naturlege ret til jor aa alle andre lunnende. I lovens namn hev folkeslag vorte kjøpte aa selde som kryter; ved den vert fleirtale av menneskja i dag halde i lønslaveri; aa i lovens namn hev vaar herlege jor meir enn ein gong flødt over av menneskjens blo. Ved dette hendige verktye kan kujona aa tjuva, tyrana aa utsugara snyte levnetsmidlane fraa sine metmenneskje, fraarøve dei deira naturlege ret aa al fridom. Menneskjens lovlege ret stend alti i stri med menneskjens naturlege ret. Den einaste hellige eigedomsret er arbeismannens ret til aa eige det han avla. Men den lovlege ret aat kapitalisten til aa rentelegge aa ta al vinning er fornekting av den naturlege ret aat arbeismannen«.

— — — — — — — — — — — — — —

»Amerika er frit; arbeie er frigjort; slavekrigen rydde trældomen ut, seier du. Er det sant? Sjaa omkring deg. Hus-slaveri før, løn-slaveri no. Kva er skilnaen? Under husslaverie søkte husbonden sin slave; under lønslaverie søkjer slaven sin husbond — Dei gamle slaveeigarane vilde kje ha bytt vilkaar no, om dei kunne; no maa dei døe grave seg sjøle ne, dei sjuke lækje seg, aa dei gamle syte for sin alderdom som dei best kan, aa eigarane treng ingre blohunda for aa halde dei friske til arbeis. Dei gje dei eit stykke arbei aa seier: »Sjaa her, gjer dette i so aa so lang ti«, — aa dersom dei ikkje gjer det tilfulna, aa dei næste laurdagskveld