Side:Martyra.djvu/133

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


vert ein sosial revolusjon. Me ser han kome; me preika om han; me helsa han med glee. Er me brotsmennfordet?« — — — — — — — —

»Me er anarkista aa nekta aa respektere loven, seier de. Ja, dersom nokre rovdyr tek al jora fraa menneskja, jaga arbeismannen fraa hus aa heim, gjer han til slave aa tiggar, aa frys aa svelter han ihel, aa hegna om si magt med lov, — skal me halde denne lov hellig? Med lovboka si hjelp kan den eine klassen trampe under seg retten aat den andre. Loven er for den rike. Ret kan kjøpas for penge. For den fatige er der berre ei lov: ly dei rike. Kvar skreven lov vert alti brukt til aa trø ne naturens lov. Jus er den store vitenskap som einast gjer dei faa istand til aa trakke paa dei mange. Der er naturlege love, nok til aa verje om kvart menneskje. Men desse love — dei retvise — er ikkje laga, dei er op daga. Naturens love er sjølvirkande. Dei straffa alle som synda mot dei aa løner alle som lyer. Ingen slep unda, ingen kjøpe seg fri. Dei kan ikkje avskaffas, endras eller smygas forbi, aa det kosta korkje ti eller penge aa bruke dei. Me vil lye lovene, ikkje menneskja, helder ikkje menneskjens knep. Juristlovene er knep. Loven, den skrevne, er kujonen sit vaapen, tjuven sit verkty, ja meir — skjold aa verje for alt træleri, aa den frygtelege mor aat alle lovbrot. Dei største plundringa er gjore med loven aa i lovens namn. Ved dette tjuve-verktye hev masser av folke paa vaar