Side:Martyra.djvu/132

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

maal aa halde arbeisfolke so laagt at dei til kvar ti med magt kunne døyvas. Han saag kor den lange arbeistia i drivande jag aat tankekrafta utor arbeismannen, aa kor arbeisløyse aa svolt gjore han til viljelaust reiskap for politiske agenta. »Stemmekjøp, skremsle, narreri, forderving aa prestesnak veks ut av desse vilkaar som gjer arbeisfolke fatige aa dei dovne rike«. — Politiken er snik-snak; »folkeviljen« humbug. Pengefolke raarvalja; arbeismannen sel seg. — Han saag dette aa vart motlaus aa drog seg utor strien.

Men lenge va det ikkje før han med al si kraft kasta seg i agitasjonen for kortare arbeisti. Paa arbeiarkongressen i Washington i 1880 sette han fram resolusjon om 8 timars arbeisdag. Resolusjonen vart vedteken, aa vart, som før nemnt, fanemerke for alle parta inna arbeiarpartie.

I 1884 grunla dei internasjonale eit vikebla, The Alarm, som Parsons vart styrar for, aa det til mai 1886.

Fraa daa av va han i rettens hender

Hans brot va at han ikkje tolde sjaa paa arbeisfolks nedervall, aa at han med profetisk eldhug spaadde om ljosare tie, om eit komande anarki.

»Enten me lever eller døyr, den sosiale revolusjonen vil kome. Grensa for menneskjens fridom maa utvias. Det 17de aarhundrae va ein stri for religiøs fridom; det 18de for politisk fridom. Det 19de krev økonomisk fridom. Frukta af denne strien