Side:Martyra.djvu/131

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


I 1877 fek han tet paa 8,000 stemmer som arbeiarane sin kandidat til kongressen. Tvo gonger vart han vald til »county clerk« (ein slags sekretær) aa tri gonger til aldermann. I 1878 vart han vald til utsending fraa arbeiarpartie til nasjonal-kenvente. I 79 sende det sosialistiske arbeiarpartie han til nasjonal-konvente, aa der vart han opstelt som arbeiarpartie sin kandidat til presidentvalje. Men han nekta aa ta mot val; han va helder ikkje gamal nok.

Daa vikeblae »The socialist« tok til aa kome ut i 1876 vart Parsons vald til medstyrar. I millomtia helt han augo med arbeiarorganisasjonen aa den økonomiske utvikling i Amerika. Arbeiarpartie gjek med svere plana; dei væpna aa budde seg til ei reising. Men so kom lovboe fraa 1878 om at alle lønarbeiara skulde avvæpnas. Denne skammelege loven som va eit neveslag i ansigte paa arbeisfolke prøvde dei for domstolen. Dei tenkte at domstolen maatte underkjenne ein lov som slik paa skinhelleg maate reiv ut ein av grunsteinane i konstitusjonen —: kvar mans ret til sjølforsvar. Men overretten for sambandstatane gokjende den nye loven aa let grunloven sove.

Daa denne loven kom, aa daa det liberale folkepartie (demokratane) gjore komedien med »ballet boxen« (lov om aa stemme med kuler), daa miste Parsons trua paa politiken. Han skyna at heile regjeringsmaskinerie sto i pengefolks sold, aa hadde dei alle, baade republikanara aa demokrata, til fyre-