Side:Martyra.djvu/130

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Grant. Aare etter vart han vald til sekretær i senate for Texas, aa kort etter hovukasserar for republiken sine skatteintekter i Texas, aa hadde den posten til 1873. Daa vart han send som representant for blae Agriculturist saman med ein del andre blafolk ut over lande for aa skoe jarnvegsstelle aa granske folks vilkaar. Dei reiste jenom Texas, indianstammene, Missouri, Jova, Illinois, Ohio, Pensylvania aa andre stata som gjestene aat eit stort jarn vegsselskap. Derpaa gifte han seg med Lucy aa slo seg ne i Chicago.

I 1874 kom han op i det stræve, Chicago arbeiarane hadde med aa faa til eit samlag som skulde dele ut alle dei pengane som va komne in fraa alle verdens kanta til dei husville etter chicagobranden i 71. Aa fraa daa av vart arbeiarspørsmaale hans livssak.

Alle penge som kom in gjek til »rædningsselskape«, eit selskap av rikmenn aa spekulanta. Men arbeiarane trudde kje desse karane forvæl; dei paasto at spekulantane stak det meste i eien pung, so fatigfolke fek inkje, aa dei kravde, at arbeiarsamlage skulde valte over det som kom in. — Avisene derimot tok »rædningsselskape« i forsvar aa skjelte arbeisfolke ut for komunista, røvara, pøbel o. m. s. — Det synte seg seinare, at arbeiarane hadde ret.

I 1876 slutta Parsons seg heilt til »arbeispartie«, aa vart snart ein av dei mest tiltrudde.