Side:Martyra.djvu/125

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


deira. Lucy stirer lenge paa dette uta aa røre seg. So ropa ho over seg: »Albert, Albert!« aa uvita. Men ho reiser seg snart, aa vert standande roleg aa sjaa til, uta aa mæle eit or, uta ei taare.

Sie om sie vert dei lagde i jora dei 5 martyrane. Mange held tale; varmast av dei alle tala kaptein Black som so manneleg ha teke seg av forsvare deira. Han enda talen sin med at han ha lært dei aa kjenne som hjartevarme folk aa gløymde dei aldri desse menn som so urokkeleg helt fast paa sine prinsip aa ga live for si sak.

————————

Endaa ei ljos stund i denne syrjelege soga maa eg nemne.

Det er 11te november aare etter. Kring Voldheims gravplass er tusenvis av arbeisfolk samla, høgtisklædde aa festlege. Musiken spela syrjemarsa aa vonfulle fridomssanga, aa raue faner vifta kring kyrkjegaren. — Det er aarsdagen for anarkistdraape.

Gravene aat dei 5 er prydde med grønt, aa ein talarstol stend like ved. Som eldgneista fyk or fraa talarstolen utover folkevrimmelen, tendrande, hissande, — or i mange tungemaal, — vonsterke or om den stormflaumen som vil kome naar millionane reiser seg, — hugvarmande or om dei avlidne aa om dei framtisdraumane dei gjek i døen for. — Tilslut stig ein mann op med eit brev i handa. Folk stuva seg om talarstolen; dei hev faat nys om at det er breve som Albert Parsons skreiv til baana sine