heimen aat Spies gjeng likfylje, jenom mange gater, aa forbi dei andre lika, som vert tekne med etterkvart.
Tusen paa tusen strøymer til. Stilt aa alvorsamt skri dei fraa gate til gate like til jarnbanestasjonen. Syrjetona bruser fraa musiken. Det er som haustlufta skjelv av sorg, aa som vilde alle desse tusen no lækje det dei før hadde grøtt. 30 jarnvegsvogner overfylte med folk kj øyrer ut til gravlunden der lika vert sett in i likhuse til seinare.
— Aa du gaatefulle blakrande andepust som kallas mannehug! — Lunefull er du, aa skiftande aa braahastig som kastevind under flog-fjell. — Fredagen ropa du: »Heng anarkistane!« Sundagen etter fyl du dei syrjeklæd aat grava.
Ein maanes ti etter skal dei gravleggas. Kyrkjegaren er overstrøymd av folk. Daa gravhuse vert aapna stig Nina van Zandt fyrst in (ho som gifte seg med Spies i fengsle). Gamle mor hans Spies aa syster aa brøre, aa Lucy Parsons med sine tvo smaa baan, aa konene aa slegtningane aat dei andre stig in med. Dei 4 hengde ligg endaa med frisk farge; men Lingg er gaat i rot. Dei vert borne aat grava, Spies i fyreenden, boren av turnara; dernæst Fischer, boren av seks typografa; aa so Parsons aa dei tvo andre. Smaabaana aat Parsons legg ein krans paa kista hans med paaskrift: »Papa vaar«. Ved grava er det ein som tek dei tvo smaa aa set dei eit paa kor enden av kista aat far