Side:Martyra.djvu/123

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Døsdrakta, ei kvit fotsi lereftssjorte, vart klæd paa dei aa hendene bundne paa ryggen med lereima. Slik gjek dei i marstakt til rettarstaen, aa sang av fulle lunger.

Dei ba om aa faa tale fraa skafotte. Den bøna pla aldri verte nekta der det er folkelegt styre. Men desse vart nekta ore. Dei skulde døy i togn. — Men dei tok seg taleret.

»Vaar togn vil tale meir enn dei røster de kvæler idag!« ropte Spies.

»Hurra for anarkie!« ropte Fischer med høgt maal, aa Engel sette i med. — Folke sto som lam slegne av rædsel.

Det va stilt ei stund med’ ein medhjelpar ordna drakta hans Parsons. So sette Fischer i: »Dette er den sælaste stund i mit liv«. Trast etter ropte Parsons:

»Aa, de styresmenn i Amerika, — la rope fraa folke verte høyrt!« 

Med same datt lemen. Chicago rikmenn kunne drage pusten letnande. Nokre av Chicagos klaaraste hovu arbeidde kje lenger. Nokre av dei varmaste hjarta slo ikkje meir.

————————

Dette va fredag. Sundag stort likfylje som ber dei avlidne aat grava. Politie gjer kva dei kan for aa faa det heile overstyr. Men stemninga i folke hev vendt seg. Politie vaaga kje setje seg imot. Fraa