Utover kvelden gjek Parsons aa sang; maale hans va fylligt aa tonerikt som vanleg. Engel aa Fischer sov som etter ein arbeisdag. Spies sat oppe aa tala med vaktmannen til kl. 2. Næste morgo sto dei op til vanleg ti aa aat sin frukost. Parsons aa Spies ba om skrivegreier aa sat skreiv brev til dei vart henta. Mange hadde sent in namnebøkene sine for aa faa handskrifta deira. So kom bødlane for aa hente dei. Rørande va veifare dei tok med dei andre fangane i fengsle, aa med fangevoktaren som ha faat slik goheit for dei, at han syntes det va som aa misse sine brøre.
Ute saag det krigarsk ut. Myndigheitene ha but seg paa det verste. Dei ottas ei folkereising. Det kunne hende at arbeiarane i siste stunda tok mot til seg aa reiv talsmennene sine fraa bøddelkniktane. Runt fengsle sto politie, i tri raer, alle med skarpladde jevær.
I alle vindu aa paa fengselstake sto politi med hanen spent. Aa ei heil soldat-her sto ferug til aa rykke ut. — Men alt gjek stilt av seg. Lucy Parsons va den einaste som vart arestert. Ho hadde kje vore go til aa gaa til Parsons kvelden fyreaat. Men no vilde ho sjaa han att, aa ba om aa sleppe in i fengsle. Det nekta dei aa drog ho paa raastova.
Galgen vart reist ute i fengselsrome. Kl. 11 opna sheriffen døra til Spies aa las op døsdomen. Spies lydde væl etter aa sa. «Justismord, sherif Matson«. — Alle tok dei domen med kald ro.