Side:Martyra.djvu/120

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


i uvit aa maa beras ut. Lucy Parsons er den einaste som ikkje feller ei taare. Med sit heite æsande indianarblo va ho for sterk til aa kunne døyve si sorg i taarer. Som ein ulmande eld som maa slaa ut i loge vart han liggande brenne i ho saare harmen, til han fek forme seg til handling.

Domen er fallen; men anarkistprosessen er det endaa ikkje ende paa. Der er some som trur at domen maa vere ugyllig. Aa der vert ny lang proses, aa ny utpunging til sakførarane. Lucy Parsons er heile tia paa ferde med si ville kraft. Skrifter trykkjer ho i tusenvis aa gjeng kring aa sel paa gata for aa faa penge aat prosessen. Av skrifte »What is a fair trial«? selde ho 5000 paa ein dag. Aa penge strøymer det in allesta ifraa. Men det hjelpte alt like mykje Domen vart den same.

Dei dømde tok det heile tia med ro. — »No er det ti til for styringa i England aa henge Gladstone for oprøre i Mitchelstowne«, meinte Spies spottande til ein blamann.

»Venene vaare der ute tek seg domen meir nær enn me; eg hjarteverkas for deira skuld aa over at fridomslande mit aa Wahsingtons verk skal spottas slik«, sa Parsons.

Slegt aa vener ba dei søkje om naade. Aa Fielden aa Schwab let seg lokke til aa skrive under paa eit bønskrift. Men hine vraka »naaden«, naar dei ikkje kunne faa sin ret —: sin fulle fridom.