Side:Martyra.djvu/119

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

at Schwab helt tale paa ein annan kant i byen, — at Engel va heime hjaa familja si, — at Neebe ikkje va i byen aa ikkje eingong viste om møte, — at det einast va 2 av dei 8 som va tilstaes, Spies aa Fielden, men at dei sto paa vogna, som bruktes til talarstol, daa bomba vart kasta. — Det hjelpte ikkje. Det va ikkje personane dei vilde tillivs; det va ideane. Anarkismen skulde rivas op med rot.

— Grøtelege dage i Chicago dette. Folk gjeng i sjuk orvente. Prosessen er tilende; domen skal falle. Retssalen er full av folk. Angst aa otte over alle. Dei klagde er dei einaste som ser ut til aa ta det med ro. Konene deira aa slegtninga aa vener aa mange andre er møtt fram. Gamle mora hans August Spies sit der og. Denne evnerike sonen henna som ho hev sett so store voner til, som hev vore so go mot ho, vore henna grumgut aa som skulde verte henna alderdomsstytte, han som va so vakker at kvenda hugtoks i han, aa so gjæv at kameratane leit seg til han, — no skal han dømas til den største skjænsel. Aa konene aat desse andre, — bleike aa bibrande sit dei der. — — — So kjem juryen in. I opsyne stend domen skreven. Der vert stilt som i grava. Folk dreg mest ikkje anden. Formannen tek papire op aa nemner med laagt mæle dette tunge ore:

»Skuldig«.

Det gjeng som ein suk jenom forsamlinga. Graaten tek ven aa uven. Kona aat Schwab fell