Side:Martyra.djvu/114

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


»Eg veit kva live hev aa by dei. Eg va ein av dei. Eg sov i kvistroma deira aa budde i deira trange kot. Eg saag dei arbeie aa døy. Eg arbeidde saman med jenter i fabriker der dei vart til horer avdi dei ikkje fek løn so dei kunne leve. Eg saag smaajenter vekse op i ulimna, aa bli til vrak. Eg saag kvende lekamssjuke av daarleg levemaate aa sjælesjuke av matsorg. Eg saag familjer døy av svolt, aa sterkbygde menn slite seg tildøe. Eg saag det i Europa. Eg hev set det i Amerika. Her i Chicago bur tusenvis i rom, der vinden blæs in, men aldri ein solstraale naar. Tvo, ja tri fire familjer maa stuve seg saman i eit aa same rom. Fraa sorpkasser sanka dei sin halrotne føe; dei er gla om dei av aa til kan faa for nokre øre i avfall paa slagtarbua. — Elendigheit, stakarsdom, hykleri, syndeauking, voldsverk, svolt. — Eg hev set alt dette aa vart anarkist.« (Schwab.)

»Vinteren 1884—85 vart 120 smaajenter millom fjorten aa seksten aar drivne fraa heimane sine ved di at Merrimak mylmene i Cunnecticut stansa. Jenom Nyenglands-fjella maatte dei gaa aa hytte seg mot frost om natta i uthus aa høystakka, aa mange av dei viste kje anna raa for aa berge live enn aa leve av si skam. — — Ein kald vinterkveld i fjor eg kom fraa mit arbei, kom tvo smaajenter graatande aa ba meg fylje dei heim. »Ein mann ne-i gata der bau os penge«, fortalde dei. Eg spure dei kor dei ha vore so seint, kl. va 7. »Me hev arbeit i ei fabrikk, sa dei. —