Side:Martyra.djvu/113

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


paa gang; læt seg sige djupare aa djupare; det ser hjelpelaust aa uløyseleg ut; synes tilslut at det skal næsten slik vere; inga raa; inga almagtskraft augna ein som kan røre i vatne aa vende straumen. Men so — eingong — so togna det ikkje meir; maale er fullt; elden som lenge hev munna aa ulma, loga op; stormflaumen som hev laga seg til kjem veltande; kvar fraa veit ingen, aa helder ikkje kvar hen; men han kjem, paa ein eller annan maate, fossande el fløande. Aa det vil gaa pengevelde som alle andre velde; dei hev havt si glansti men set sin ende.

————————

Amerika er dollar-lande. Alt er business. Money, alti meir money.

»Kva vil du gi meg for denne her«, sa slavehandlaren aa synte fram sin svarte negar. Arbeismenneskja hadde endaa verd.

»Vil du betale so aa so mykje, skal du faa arbei«, seier svindel-agenten til europæaren som kjem frisk aa arbeishuga med al sin midel i si setlebok. — Arbeismenneskja hev mist sit verd.

»2 dollar stemmer du med os«, seier den politiske agenten.

Pengane raar. Dollaren er konge. Menneskja meir eller mindre ille-lønte slava.

Eit liv i luksus avla av ubetalt arbei. Maskineri, damp, jag, aavund; renkespinn, snyteri, falit, fortviling; ovlimna, enervering, forderving, ruin. Dette »the upper class«. Aa arbeisklassa?