Side:Martyra.djvu/115

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Baan drivne fraa si mors hjarte aa slite i arbeishus den lange dag, aa attpaa freista til last av vellystinga. — Den sivilisasjon som ikkje vil aa ikkje kan hjelpe ei enke ut av slike kaar, er han respekt verd?« (Fielden.)

Slaveeigarane kunne bruke piska. Men kan me tenke os ein slaveeigar la sine træla talmas ihæl av svolt? ein mann rein for medkjensle? Me kan ikkje. Den absolute umenneskja er endaa ufød. — Bak steinmura i dei store forretningsstrok maatte slaveeigaren stenge seg inne aa styre verda jenom telefon aa banknota, — aa til utkantane i storbyane maatte logg-falle i samfunde ty aa løyne sin jammer for verda, før elendigheita kunne bli kva ho er idag, — jamsies med ovlimnaen.

Orden? — »Der er fleire hundra konstabla i Chicago. Aa kvar dag like so mange tjuvri.« (Oskar Neebe.)

Fridom? — »Despotismen aat Amerikas pengekræmmara syner seg. Dei nekta ein talar aa samle folk om seg. Talefridom! — Dei vil kje tillate folk aa kjøpe anarkist-skrifter. Trykkefridom! — Dei forbyr folk aa samle seg for aa dryfte si livssak. Samlingsret! — Folke banka, arestera, fengsla, skotne aa hengde. — Politisensur over presse, tale, aa folkesamling. Frie Amerika!« (Parsons.)

Moral? — Hjelp deg sjøl! La mannen ligge, aa ta plassen hans; it is a good business.