Side:Markusevangeliet (1870).djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

meg?“ 32 Og han saag i Kring um seg og vilde sjaa henne som hadde gjort detta. 33 Men Kvinna var rædd og skjelvande, av di ho visste kvat som var gjort henne, og ho kom og fall ned fyre honom og sagde honom heile Sanningi. 34 Men han sagde til henne: „Dotter, di Tru hever hjelpt deg; far i Fred og ver heil fyre di Plaaga.“ 35 Medan han endaa talade, kom det nokre fraa Huset til Raadsherren fyre Samningsstova og sagde: „Dotter di er andad; kvi vil du umaka Meisteren meir?“ 36 Men daa Jesus fekk høyra det Ord, som vardt talat, sagde han til Raadsherren fyre Samningsstova: „Ver urædd; tru berre!“ 37 Og han leet ingen fylgja seg, utan Petrus og Jakob og Johannes, Broder til Jakob. 38 Og dei komo i Huset til Raadsherren fyre Samningsstova, og han saag Uppstyret og deim som greto og baaro seg illa. 39 Og daa han var innkomen, sagde han til deim: „Kvi staaka de og graata? Gjenta er ikkje andad, en ho søver.“ 40 Og dei logo aat honom. Men han dreiv deim ut alle og tok med seg Fader og Moder til Gjenta og deim, som med honom vaaro, og gjekk inn der som Gjenta var. 41 Og han tok Gjenta i Handi og sagde til henne: „Talita kumi!“ det er utlagt: Gjenta, eg segjer deg, ris upp. 42 Og med det same reis Gjenta upp og gjekk, for ho var tolv Aar gamall. Og dei vordo ovlege forfælde. 43 Og han baud deim strengt at ingen skulde faa vita det, og sagde at dei skulde giva henne nokot at eta.