Side:Markusevangeliet (1870).djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ket ditt og kunngjer deim kvat store Ting Herren hever gjort fyre deg og kor han hever miskunnat seg yver deg.“ 20 Og han gjekk burt og kunngjorde i Dekapolis kvat store Ting Jesus hadde gjort fyre honom; og dei undradest alle.

21 Og da Jesus hadde atter i Baaten faret yver Sjoen, samnadest myket Folk til honom, og han var ved Sjoen. 22 Og der kom ein av Raadsherrarne fyre Samningsstova som heitte Jairus, og daa han saag honom, fall han ned fyre hans Føter 23 og bad honom myket og sagde: „Dotter mi ligger i Andblaatom; kom og legg Henderna paa henne, at ho kann verda frelst og faa liva.“ 24 Og han gjekk med honom; og det fylgde honom myket Folk og dei trengde honom. 25 Og der var ei Kvinna som hadde havt Blodflødor i tolv Aar 26 og hadde lidet myket av mange Lækjarar og latet til alt sitt Gods, og ho hadde inkje batnat, men helder vordet verre. 27 Daa ho høyrde um Jesus, kom ho i Manntrongen attantil og tok paa Klædi hans; 28 for ho sagde: „Um eg fær berre taka paa Klædi hans, so verder eg heil.“ 29 Og med det same tornade Kjelda til Flødorna, og ho kjende det i Likamen at ho var lækt fyre si Plaaga. 30 Og Jesus kjende med det same den Kraft som gjekk ut ifraa honom, og han snudde seg i Manntrongen og sagde: „Kven tok paa Klædi mine?“ 31 Og hans Læresveinar sagde til honom: „Du seer at Folket trengjer deg, og du segjer: kven tok paa