Side:Markusevangeliet (1870).djvu/22

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
6. Kapitel.

Jesus lærer i Nazaret og verder vanvyrd, 1—6; sender ut dei tolv, 7—13. Ymse Meiningar um Jesus. Johannes Døyparen verder halshoggen, 14—29. Apostlarne koma tilbaka. Jesus fer yver Sjoen; lærer paa ein audsleg Stad; mettar fem tusund Mann, 30—44; gjenger paa Sjoen, 45—53; kjemer tilbaka til Galilea; lækjer sjuke, 53—56.

1 Og han gjekk ut derifraa og kom til sin Faderstad; og hans Læresveinar fylgde honom. 2 Og daa Kviledagen kom, tok han til at læra i Samningsstova; og mange, som høyrde paa, undradest storlege og sagde: „Kvarifraa hever denne Mannen slikt? Og kvat er detta fyre ein Visdom som er honom gjeven? Og slike kraftuge Gjerningar som han gjerer! 3 Er det ikkje Timbermannen, Son til henne Maria, og Broder til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og ero ikkje Syster hans her med oss?“ Og dei argadest yver honom. 4 Men Jesus sagde til deim: „Ein Profeet er ikkje vanvyrd utan i sin Faderstad og imillom sine Frendar og i sitt eiget Hus.“ 5 Og han kunde ikkje gjera nokor kraftug Gjerning der, utan det at han lagde Henderna paa nokre faae sjuke og lækte deim. 6 Og han undradest paa deira Vantru.

7 Og han gjekk ut i Byarne der i Kring og lærde. Og han kallade dei tolv til seg og tok til at senda deim ut tvo og tvo saman og gav deim Magt yver dei ureine Andarne. 8 Og han baud dem at dei skulde ikkje taka nokot med seg paa Vegen, utan