Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/97

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


noko å ottast der i landet og riket hjå hans eigen far, og det endå tett attmed eit kongeleg slott. Men så var det nokre uliklege karar då som rotta seg i hop og la seg til å gjæta på han, då han skulle gjennom ein liten trong dal med skog på båe sider; der ville dei gjera eit dugeleg varp.

«Å ja, det var no vel ikkje berre treskillingar og firskillingar han bar på, den mannen,» sa ho Lisbet.

Nei, det var det dei tenkte, dei, sa bekafanten. Dei visste så mykje at slike karar aldri bar på minder enn hundredalarsetlar og tusendalarsetlar i lomma. Så låg dei der inni skogen på eine sida, og med same prinsen kom, var dei over han som ulvar; tok fyrst og svimeslo dei to tenarane og tok så prinsen i strupen og ropa «pengane eller livet!»

«Nei, har du då høyrt så fælt,» sa ho Lisbet og var reint forsigna.

Ja, det kunne nok spøkt for mangt då, sa bekafanten og la vekt på kvart ordet, — hadde det ikkje vori så vel laga at der var ein mann så nær attmed, så han fekk berga han i tide. Og denne mannen… «Ja, no er det ikkje så at eg for min part vil gjera meg til av noko-slag storverk,» sa bekafanten; men skulle han seia alt som det var, så laut han då likevel nemna at denne mannen var ingen annan enn han sjølv. Han høvde nett til å fara den vegen og hadde fått auga på desse travane som gjekk der og lurde. Så fekk han straks som ei mistru og stakk seg inn i skogen på andre sida og lurde, han med. Og nett som farkane ropa