Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/98

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

pengane eller livet, så fór han fram med revolveren i veret — for det høvde seg så vel at han slarva og bar på ein revolver den dagen — og lova dei ei så dugeleg kule i skolten at dei var glade dei kom seg derifrå og det snøgt.

«Å du, å du sa’n! men han vart no vel storglad, prinsen òg då?» sa ho Lisbet.

Då drog han berre på smilen, bekafanten, og sa nokre løynlege ord om at det hadde nok ikkje vori nokon vande å få seg som ei lita dagløn den gongen. Men han ville ikkje ein skilling ha; for dette gjorde han ikkje for løna. Han var nøgd når han fekk takk for velgjort, sa han, og det veit du det vanta då heller ikkje på at han fekk.

«Ja, du veit, det var det mannslegaste å ta det såleis,» sa ho Lisbet òg.

«Ja!» sa. bekafanten byrg; det var nok av dei som tærde og gnog og tigga på prinsar og kongar og ville ha løn for allslag; men han for sin part var ikkje av det slaget at han ville tæra på andre, «så lenge eg med Guds hjelp kan forsyta meg sjølv,» sa han og tok like dugelege bitar som før.

Men var det så at prinsen eller nokon annan høg mann trong noka hjelp av han ein gong til, så var det annleis; då slo ikkje han seg unna, sa han.

Dei hadde seti med open munn og lydd etter, gutane, og då han tagna att eit bel, sat dei som på glør og kviskra. Det var gildt nok alt dette, at det hadde blåsi ned tre kyrkjetårn i Sverike, og at ein baron vart ihelslegen og prinsen berga.