Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/96

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


kyrkjetårn i eitt ras, og kaldt var det så folk og hestar mange stader stupte daude på vegane.

«Huff det var då svære ting,» sa ho Lisbet; «men kva slag bygdelag var då det i?» sa ho.

«I Sverike!» sa bekafanten.

«Det er nok mangeleis i Sverike?» sa ho Lisbet.

«Ja,» sa bekafanten byrg; i Sverike der var det mangt, og det både av godt og av vondt. Det var såleis ikkje lenger sidan enn i fjor at nokre farkar slo i hel og røva ein baron.

«Jøye oss!» sa ho Lisbet; «dei torde no vel aldri ta på ein slik høg mann, veit eg?» sa ho.

Då laut bekafanten le, og det var ein lått så gutane fekk radt ein kvekk i seg endå ein gong; det skrumla nedi halsen på han som i ei tom tynne.

«Slike stor-karar? Jau, er det fantar av rette slaget, så sparer dei nok ikkje den som større er heller, dei,» sa han. «De har vel høyrt gjeti den gongen det var nokre som tok på og ville røva ein kongeleg prins?»

«Nei, det var då ikkje råd?» sa ho Lisbet; nei det hadde ho då slett ikkje høyrt gjeti før.

Gutane for sin part hadde ikkje heller så plent høyrt gjeti dette før. Dei vart så forvitne at dei våga seg heilt bort på benken attmed bordet og sat berre og einstirde på bekafanten. Kor stygg ein fant han var, så høyrdest det då ikkje ut til at han var nokon tosk til fant.

Jau, det var såleis, sa han, at prinsen var ute og køyrde ein dag og hadde berre eit par tenarar med seg; for han kom ikkje på at det kunne vera