Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/89

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


han berre eit hopp, — hufs, så stod han der på åkeren att, og dei sat i huset inni han.

— — —

Dei sat ein augneblink og tagde etterpå alle fire; det var nett som dei skulle vori med på heile denne lange ferda, og som dei enno kjende kor snøgt det hadde gått. Så reiste dei på seg, og då kjende dei med eitt at dei hadde frosi seg reint stive der dei sat; det hjelpte nok ikkje at snøhuset hadde tjukke vegger. Dei grov seg ut best dei vann og var reint som fortumla etter ferda enno. Det var som fjella og husa heime og alt saman stod på bakvende leia, og måneskinet skein og skar i augo etter dei hadde seti så lenge inni mørkret. Og då dei såg på kvitbjørnen sjølv, så stod han der skilleg som han skulle ha sprungi. Men så tok kulden dei, så dei skalv i alle lemer, og dei to minste gutane kom på gråten. Dei skunda seg heim og kom seg innåt varme omnen, og kvitbjørnen stod etter og glodde ut i måneskinet.

*

Dei hadde det morosamt i bjørnen sidan òg; men så gildt som denne kvelden i jula vart det likevel ikkje fleire gonger. Og han kom heller ikkje til å stå så ovende lenge som dei hadde tenkt. Det la til med bløytevêr ei tid etter jul att, og så kom det ein fæl nordvest-storm ein dag. Døra til snøhuset bles ned; så fekk vinden tak og reiv over ende heile kvitbjørnen. Han låg der i