Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/88

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

alle kongsfolka fylgde han radt til døra, då han gjekk.

«Men alle dei trollhovuda han ber på, kva vil han då gjera med dei?» spurde han Gunnar.

Dei ja, det var sant. Jau, då han var komen ut, så rusla han bort til ormegården med dei. Der var så høgt gjerde ikring at det ikkje kunne koma uflygande over, og ingen torde lata opp døra til garden; for då valt det ut med orm. Dei laut kasta maten inn til ormane på ei fjøl som dei vippa opp og ned som eit vindespel. Men kvitbjørnen gjorde ikkje meir av det, han puffa døra opp med labben, og alle ormane kom imot han som dei ville eta han levande opp; det var hoggormar og ratleormar og snokar og slever og firfisler i ei mylske. Men kvitbjørnen tok og slengde dei attende med labben, så dei berre låg og vreid seg og bles. Så hivde han alle trollhovuda inn til dei, og ormane tok og slevja dei i seg før dei enno kom ned på marka…

«Men skal han ikkje heim att no ein gong?» sa Andres og Kolbein, dei fekk det meir og meir annvint med å blåsa seg i hendene, og jamvel Pål og Gunnar fór til å verta vanmælte.

Jau, då han hadde slegi att døra til ormegården, så tok han ut over land og sjø att, så det huska etter, og så kom han sør over fjella, der som han hadde gått då han fór nordetter. Der var det måneskin og snø som før, og revane og bjørnane gjekk og tassa og glumde etter han. Så kom han fram på fjella, så han såg hit ned, og så gjorde