Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/87

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

dei ikkje skulle blåsa av. Men lensmannen og futen var lettare enn dei andre og stod midt i vinden attmed døra, dei fauk til vêrs som du skulle sjå gamle taknevrar og ryggskinn. Og så kom han inn gjennom døra, nordavinden, for det var han som kom med slikt bråk. Han hadde dei tre kongsdøtrene på ryggen og fór som ein gufs opp til kongen og sette dei av der. «Her har du dei,» sa han, og dermed så føykte han ut døra og fór sørover havet att som eit torebrak; han hadde ikkje tid til å hefta eller drøsa med nokon no då han var på blåsteren.

«Huff, ja eg kjenner det er iskaldt av han,» sa han Andres og hustra endå meir enn før.

«Ja, men no fer han sin veg att, høyrer du,» sa han Pål. — Ja, så sprang kongsdøtrene bort til far sin og var så glade at dei visste mest ikkje om seg; og dei var så fine, det var mest som du skulle sjå englane i bøkene.

«Har dei venger?» undrast han Kolbein.

Ja … jau, dei hadde nok namnet til venger òg, som dei vifta med når dei skulle opp ei trapp. Og kongen han vart no så glad, då han såg dei, han visste lite kva fot han skulle trø på; og han gjekk bort til kvitbjørnen og nevetakka han og spurde kva løn han skulle ha. «Du skal få om det så er halve mitt land og halve mitt rike,» sa han. Men kvitbjørnen skulle inkje ha, sa han; han var berre glad han kunne gjera kongen ei teneste. Men no måtte han av stad og koma seg på heimvegen, sa han. Så bad han farvel då, og både kongen og