Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/86

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

etter han heller. Ja, så labba han alt opp til kongen då og letta på framlabben og sa god dag.

«Men vert ikkje kongen redd når det kjem slik ein fæl kvitbjørn opp til han?» sa han Kolbein.

Å, nei då, kongen var ikkje redd noko-slag. Han rista berre bjørnen i labben og sa god dag att og takk for sist. «Er det den bjørnen som er ute og fer?» sa han. «Det er då det,» sa kvitbjørnen. «Her kjem eg med ein sekk full med trollhovud til deg,» sa han. «Eg har slegi i hel alle dei tre trolla som har røva til seg døtrene dine, og no er dei berga og kjem snart heim att til deg.» — «Å hå, og det vil du få meg til å tru!» sa kongen; «nei det får nok ingen tyna dei trolla, dei har slegi i hel og eti opp kvar den kjempa og riddaren som har våga seg ut imot dei og ville berga døtrene mine. Du har vel berre vori borti ormegården og henta desse hovuda opp i sekken din der,» sa han; for borti ormegården slengde dei allslags kalvehovud og trollhovud og anna skrot som dei ville vera kvitt i kongsgarden.

«Ja, vil du ikkje tru, så berre vent litegrann, så skal du få sjå,» sa kvitbjørnen. Ja, så venta dei litt, og best det var, så høyrde dei det dura og duna som eit torebrak. Så tok det til å blåsa så fælt, det rista og skok i heile kongsgarden og bles inn gjennom døra og gluggane, så det rauk i heile salen. Kongen laut berre sitja og blåhalda seg i stolen sin, paven stod og krøkte seg i hop som ein makk og haka seg fast i ein krakk, og alle dei andre kongsfolka laut leggja seg flate på golvet, så