Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/85

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

kongssalen. Det var fyrst lensmannen nedmed døra, ja, som alt nemnt var; så var det futen, og han var ikkje heller så fælt stor her. Så var det amtmenner og kapteinar og greivar og allslag andre høge folk radt opp til kongen. Og på den andre sida av salen var det fyrst klokkarane, så var det prestar og prostar og bispar, og så paven sjølv. Han stod der og grein og ville nok helst vera den høgste av alle her; men det fekk han fint sitja ifrå, for den høgste av alle var kongen sjølv. Han sat på ein forgyllande stol øvst oppe i salen og var så ovende drust og fin. Han hadde blank krone på hovudet og ei svær kåpe ikring seg, og i beltet hadde han ein tolekniv av berre gull og ei slire av sylv og sverd av blankaste stål.

Ja, så steig kvitbjørnen inn gjennom porten, då han hadde sett alt dette; han ville opp til kongen og tala med han. Men ikkje før hadde han trødd innom dørstokken, så kom lensmannen som ein kvefs og treiv han i øyra og ville jaga han ut att.

«Vi skal ikkje ha noko til kvitbjørnar her hjå kongen,» sa han; «veit du ikkje eg er lensmann?» sa han. Men kvitbjørnen gjorde ikkje så mykje som sjå til side, han berre letta på labben og gav lensmannen ein knuff — der spratt han heilt bort i veggen og slo seg så han gret. Så kom futen nevande og ville ta han; men kvitbjørnen berre letta på labben att, han — der låg futen òg i veggen, og blødde naseblod. Då våga ingen av dei andre å lyfta ein finger til å meinka han. Berre paven grein noko stygt, men kvitbjørnen såg ikkje