Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/84

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Men presten… har han vori hjå kongen?» undrast han Andres.

«Presten, — ja, koss var det no?» sa han Pål. Jau då, han hadde nok vori innom der ein gong, han òg.

«Han var vel blid då, kongen?»

«Ja, du kan vita det; han gjorde stort gjestebod på han.»

«Å, det var vel mergeleg god mat då?»

Ja, det var då det; men elles så var det no alltid så god mat til kvardags òg hjå kongen, at dei trong ikkje setja kongsgarden på ende for det om presten kom. Ja, så sat dei lenge der attmed bordet då og godprata, og då presten sidan skulle reisa att, så sa kongen det med han at «du får preika det som rett er for folket du,» sa han; «for eg har inga tru på desse Lamma-Larsane og desse andre fromme karane som lest preika, eg for min part,» sa han.

«Du kan då vita han var såpass klok,» sa han Gunnar.

Ja, så lova han det då, presten, at han skulle preika likast han kunne for folket, og då han gjekk heim, så fekk han så mange gilde gåver med seg som han vann bera på ryggen.

— — —

Dei hadde komi noko bort ifrå kvitbjørnen og ferda hans med dette. Men no hugsa han Pål seg og tok i att. Dei var komne til det at kvitbjørnen stod i porten og såg på alle folka oppetter