Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/77

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

beint opp til trollborga, og så kom trollet ut og var så sinna, det stod berre og bles. Men så gjorde ikkje kvitbjørnen meir av det, han lyfte berre på eine framlabben og slo av alle tre hovuda på trollet, så dei trilla, og så tok han og hadde dei opp i ein sekk som han bar kring halsen. Då vart ho så ubergeleg glad, jomfrua som var der, og så ville ho setja seg på ryggen på kvitbjørnen med det same og få ri heim att; for jomfruene reid jamt på kvitbjørnane. Men han sa ho fekk venta så lenge, for han laut lenger, han. Så tok han ut att og fór frå blåne til blåne.

«…og så ser han noko langt borte som lyser som ein måne,» skaut han Gunnar inn.

Ja, det var ei borg av berre skinande sylvet, sa han Pål. Der budde det eit fælt troll som hadde seks hovud; det hadde òg røva seg ei jomfru og sat der no og gruffa og vakta på henne. Og då det fekk sjå kvitbjørnen, så kom det ut og var så sinna, så det bura og belja…

«Men så lyfter kvitbjørnen berre på eine labben og slær av alle hovuda, så dei trillar,» hjelpte han Gunnar til.

Ja, og så tok han og hadde dei opp i sekken under halsen sin. Og jomfrua som var der, ho vart no så glad; men ho skulle sitja der enno og venta så lenge.

«Og så tek han ut frå blåne til blåne att,» sa han Gunnar.

«Og så ser han noko langt borte som glitrar som sjølve sola,» sa han Kolbein.