Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/78

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Det er ei trollborg av berre skinande klåre gullet.»

«Og der sit eit fælt troll med ni hovud som har røva ei overhendig fin jomfru!» ropa han Andres. Men då var han Pål åt å verta furten. Ja, når dei visste alt saman så mykje betre sjølve, så turvte ikkje han fortelja meir, sa han. Nei, så tagde dei att då, og han fekk halda på og fortelja. Det gjekk då såleis til, sa han, at kvitbjørnen berre lyfte på labben att og slo av alle dei ni hovuda så dei trilla, og så henta han dei opp i sekken sin liksom andre jordeple. Så ville denne jomfrua òg sitja på ryggen hans heim att, men kvitbjørnen sa at det var ikkje vågande, ho kunne detta av når han laup attende over blånane og havet. «Men eg skal tala med nordavinden og be han ta både deg og dei to andre jomfruene med, når han blæs sørover,» sa han; for nordavinden hadde så store venger, og der kunne dei smyga inn mellom fjørene og halda seg fast…

«Du, dei jomfruene som er alle stader, kva slag folk er no det?» undrast han Kolbein.

Å, dei, sa han Pål, jau det var eit slag fine gjenter som dei hadde til å sitja i berg og verta tekne av troll, meir visste ikkje han heller; men ovende fine måtte dei vera, sidan alle troll var så slie og galne etter dei. — Ja, så gjekk kvitbjørnen endå eit stykke til og kom til nordavinden, han budde der tett innmed Nordpolen. Der var det så heskjeleg kaldt. Der hang store isjøklar på alt du tok i, og spyttet fraus til is før det kom ned på marka. Og