Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/71

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

dei var oppi halmdungen, at ho hadde sett i og remja og sliti seg laus. Det siste dei såg henne, fór ho som ein elding inn gjennom eit hol nedi låven. Og Oskeladden hadde fått ei rispe av kloa hennar på eine handa, så det sila og blødde. Men løyst henne or berget det hadde han, og det var det fremste; for det var difor vi hadde oskeladdar at dei skulle løysa kongsdøtrer or berg.


Det leid fram mot jul og hadde vori regn og snøbløyte ei tid; men så nokre dagar føre helga blenkte det opp att og vart fint og godt vêr. Dei gledde seg alt til godt skiføre og kjelkeføre i jula. Men enno var det berre mildt i vêret og snøen kram og tung. Til å laga snøballar var han likevel framifrå god, og til å byggja hus og snøkarar. Men alt med dei dreiv på med det, kom dei på noko endå betre. Dei hadde sett gutane nedpå andre garden laga ein snøbjørn ein gong, og så ville dei gjera ein bjørn dei òg. Kvitbjørn måtte det då helst vera, sidan han no vart kvit. Og når dei fyrst fór med det, så ville dei laga han så stor som råd var, helst så svær at ingen hadde sett maken til kvitbjørn. Då kunne dei gjera han hol innvendes og få seg eit stort fint snøhus der med det same. Di meir dei tala om det, di gildare tenkte dei allting ut; og til jul måtte dei få han ferdig,