Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/70

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

trolla hadde det alltid så annvint med å telja pengar. Men då var han ikkje sein, Oskeladden, han fór bort til fjellet og reiv loket av og treiv kongsdottera. Ho stokk, så ho gjorde både bles og hogg, då han kom med slik ofse, men han let seg ikkje skræma; han heldt henne fast med båe hendene og tok på tanande laupet heimetter til kongeriket. Men då kunne det henda trollet fauk opp. «Kven er det som torer røva mi vene jomfru!» ropa det og bura av sinne og kom laupande etter. Og så vakna einhyrningen og linnormen og reiv mosen or augo og kom takande, dei òg. Dei fekk springa på tverke for Oskeladden, så han ikkje slapp ned til låven med ein gong. Han laut laupa bort til den andre veggen og kom seg opp i ein halmdunge, og der hadde dei så nær ringa han inn og teki han. Men så gjorde han eit fælt hopp og kom seg fram imellom dei, og i nokre sprang var han nedi låven og heime i kongsgarden. Då hadde nasen på trollet vorti så skakk, så han hang og slong bortunder eine øyra; linnormen hadde mist eitertanna si, og einhyrningen hadde det gått endå verre med. Han hadde rent mot veggen med hornet, så han så nær hadde støytt seg naseblod. Hadde det ikkje vori det at han var einhyrning, så var det ikkje eingong visst om han ikkje hadde komi på gråten; men han visste det høvde seg ille for einhøyrningen å gråta, og så heldt han seg.

Så hadde Oskeladden vunni halve riket då, det hadde han; men kongsdottera hadde han minder av. Ho hadde vorti så redd alt dette bråket då