Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/69

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

leia, så får du nok kongsdottera,» sa ho. — Så bad

Oskeladden farvel då og gjekk att, og om ei stund kom han fram til fjellet og råka dei to fæle dyra; og dei vart no så eitrande vonde. Einhyrningen støytte etter han med hornet sitt, og linnormen låg berre og kvæste og hogg etter han med eitertanna. Men så sa Oskeladden berre dei tre orda han, og straks så seig dei ned og sovna og snorka, såleis som einhyrningar og linnormar skal gjera.

Det grodde jamvel mose på augo og andleta deira; det var agner og halm dei la oppå seg som var mose. Så kom han til trollet, og det var så olmt, så det stod berre og bura og belja. «Kva er det for ein stakkar som kjem her og trakkar på mine grunnar?» sa det.

«Å, eg ville berre godprata med deg,» sa Oskeladden.

«Å, vil du det,» sa trollet og var straks litt blidare.

«Ja, eg veit om meir gull og sylv, eg, enn som du veit om,» sa guten.

«Gjer du det,» sa trollet.

«Ja, kom berre her, så skal du få sjå,» sa Oskeladden. Ja, så var trollet godtrui liksom alle troll, og var med heilt bort åt veggen. Der låg det ei stor ruve som hønsa hadde lagt etter seg.

«Dette her er berre skinande gullpengar og sylvpengar og glimesteinar,» sa Oskeladden, og så var trollet ikkje klokare, det trudde straks han sa sant. Det la seg på kne og olbogar og stakk nasen heilt ned i dungen og tok til å telja pengane; for