Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/68

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

vara Oskeladden og berga kongsdottera, og kunne han gjera det, så skulle han få både henne og halve kongeriket; det var ein stor slede nedi låven som var halve riket.

Ja, så tok han i vegen då og gjekk langt og lenge over svære heiar kringom i korn-golvet; der var tomt og godt rom til å ferdast no, etter dei nyst hadde treskt opp og lagt halmen på hjellen. Då han hadde gått fælande langt, kom han til ei eldende gamal kjerring; det var ein sopelime som låg der som var kjerring. «Å, gode, gjev meg ein bete mat,» sa ho, for no hadde ho stått her i hundre år og ikkje smaka såa; ho ville kløyva sund litt ved, og så hadde ho fått nasen fast i ein klove og ikkje visst noka råd til å koma laus att, sa ho. Ja, det var nok han Pål som laut seia sjølve orda, men han skjøna godt det var dette ho meinte; ho kunne berre ikkje få opp målet. Så var Oskeladden snill, og hjelpte henne laus og gav henne ein kakebit av nistematen sin; — ei never han sette bort mellom kvistene på limen var mat. Då gnog ho og åt og vart så glad og lova at ho skulle gjera han ei beine att.

«Når du no kjem fram til einhyrningen og linnormen,» sa ho — han Pål måtte enno hjelpa litegrann til med orda — «så skal du ikkje vera redd om dei olmar stygt på deg. Du skal berre seia pink, pank, pynk, så sovnar dei,» sa ho; for det var tre kaldlege trollord, dette. «Og når du kjem til trollet sjølv, så skal du berre gje deg i godprat med det og ljuga nytteleg for det og lokka det av