Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/62

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

kolende svart av berre det som vondt var. Så sette dei stavane inn i holet og ville freista å bryta det større, og dei fekk snart laust eit stort stykke halvroten trøskeved. Då ljosna det godt opp inni stuven. Dei kasta inn ein dunge med snø attpå, og dei tykte då at heidningen hadde fått nytteleg med opplysning i seg. Men dei gav han endå nokre rapp attpå, for det var aldri verdt å spara på denginga.

— Sola hadde høgna meir og meir, alt med dei hadde stulla med dette, og då dei skulle sjå til, så hadde det alt fari til å verta annleis nedetter skogen. Det draup av kvist og grein; snøen klumpa seg i hop og datt ned, så det var klask i klask, og den eine bjørka etter den andre retta seg opp att og sprikte med snaue greiner. Snøen nedpå marka fór òg til å krammast og blotna for sola. Det var nok ingen rett vintersnø enno. Dei skjøna det var best dei kom seg heim att før han blotna endå meir. Men fort gjekk det ikkje med dei nedetter bakkane; for snøen hadde no vorti så ovende god å laga snøballar og snøvelter av.

Dei rulla kvar si velte nedetter, og det hadde snart vorti til svære haugar, så dei berre så vidt orka rikka dei. Så fekk dei lempa dei ut over ein bakke, så dei fór som eit fælt ras nedetter og slo seg i filler. Dette var så gildt at dei laut opp etter nye velter gong på gong. Men så vart dei valne på hendene og våte og laut slutta, og då dei sistpå kom heim til husa, var dei ikkje mykje kipne av