Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/61

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

fyrst. Så gav dei seg til å hamra og slå med stavane på stuven, så det dunde etter. Men det var ikkje likt til at det gjorde stort utav seg; for heidningen stod der så strid at han ikkje eingong ville sleppa snøen ned or hårfjørene sine.

«Har du sett på slik ein stridpave!» sa han Gunnar. «Men no skal han ikkje sleppa om han er verre enn ein suli-kaffert!» Dei hamra og slo att, så dei sistpå hadde flengt mosen av oppetter heile leggen, og då tok snøen endeleg til å losna oppi greinene.

«Ja, no går det til gråts med han,» sa han Kolbein, og dei var samde om at han hadde mjukna mykje no.

«Men det spørst endå korleis han er innvendes,» sa han Gunnar. Ja, for det hjelpte lite om dei lest vera skikkelege utapå, når dei var like heidenske inni, sa han Pål òg. «Sjå på farisearane,» sa han, «dei lest vera så fine og blanke utapå, så det var svært; du kunne tru dei var jamgode både med prest og klokkar. Men du må tru dei var ikkje for fine inni.»

«Ja, det er slike skarvar dei lyt halda indremisjonen på,» sa han Gunnar; for indremisjonen det var den som heldt seg til det innvendes det, sa han. Og han trong nok altfor mykje noko indremisjon denne svarte risen òg.

Dei fekk auga på eit rundt hol straks oppå leggen på stuven. Gunnar kleiv opp og kika inn, og der såg det ikkje for fjelgt ut, lét han. Der var