Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/60

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Men ungane deira må då verta kvite?» meinte han Andres.

«Ja, det må vel dra seg i lengda,» trudde han Pål òg.

«Ja, du kan då vita det!» lét han Gunnar. «Det har då vori heidningar her i landet òg ein gong; men det finst ingen svart no lenger.»

Det kunne vera slike som bekafanten,» sa han Kolbein; men etter det dei hadde høyrt, så skulle ikkje eingong han vera reint kolsvart.

Dei hadde komi opp i ein dal langs med ein bekk, og det vart tettare enn tett med skog og snølauv. Det var berre så vidt dei såg små flekker av himmelen beint oppover seg. Då fekk dei auga på ein stor underleg almestuv oppmed bekken. Han var knutut og svart av mose oppetter leggen, og oppi krona stod greinene og bøygde seg djupt ned til alle kantar under snøen. Det var som ein skulle sjå fjørene som stod ut or håret på indianarhovdingane i boka.

«Der har vi kanskje alt ein av dei svarte heidningane,» slo han Kolbein frampå.

Dei tykte mest det kunne vera likt til dess, dei andre òg. Men var det ein heidning, så tykte han det, han Gunnar, at dei kunne ikkje la han stå der reint i fred. «Vi får prøva med litegrann misjon på han,» sa han. Dei kom seg opp til stuven og såg betre på han, og då skjøna dei straks så mykje at det ikkje kunne mona stort med lesing for slik ein fæl rise. Det var nok ein av dei som ein måtte mykja med dugeleg bank