Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/59

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


«Det må vera eit hardbali arbeid for dei som vågar seg ut i misjonen,» sa han Kolbein.

«Ja, du kunne sjå det på han Randius, det, han som var her i fjor og hadde vori ute i heidninglanda så lenge,» sa han Pål. «Han var turr og brun som han skulle vori røykt.»

«Men koss-tru ber dei seg åt når dei skal få heidenskapen ut or dei svarte?» undrast han vesle Andres, bror hans Gunnar.

«Å, du veit, dei må preika svært for dei og lesa for dei alle slag store bøker,» sa han Paal.

«Ja, hjelpte det berre med det!» sa han Gunnar. «Nei, det må nok hardare lut til på slike folk. Dei lyt nok både dengja og banka dei fyrst, til heidenskapen mjuknar litegrann. Då kan det vera så vidt dei fer til å lyda på preikene og lesteren.»

«Huff, eg ville ikkje eg var heidning, eg!» let han Kolbein.

«Nei, men kvifor skal dei då vera så stride?» sa han Gunnar. «Kunne dei ikkje omvenda seg med det gode, toskane, så slapp ein treskja såleis på dei.»

«Ja, men når dei er heidningar, så veit dei ikkje betre og kan ikkje hjelpa det,» sa han Pål, han var den klokaste av dei og den beste til å lesa.

«Når dei då til slutt vert omvende, så vert dei vel kvite då, liksom andre folk?» spurde han Kolbein.

Ja, det var ikkje så godt å seia, sa han Pål; for du veit heidenskapen sat fælskeleg lenge i.