Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/58

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

morgonen, og best som det var glytte sola fram or skyene og skein over all den kvite skogen. Å! det var eit glim, så det gjorde mest vondt i augo. Dei sette i og song og hua og rulla seg i snøen; og støytte dei aldri så lite bort på eit tre, så draus det med snø og stod i eit ròk. Dei var kvite som snømenner og fekk snø i augo og nedmed halsen, men det brydde dei seg ikkje om i dag.

«Eg undrast om det ikkje er såleis det er i dei ville landa, der som heidningane er,» sa han Gunnar; for nettopp såleis som bjørkene og haslane stod og lavde i dag, stod palmetrea som var skildra i bøkene.

Ja, han tykte det same han Pål, den største av dei frå andre stova. «Kanskje vi snart råkar nokre svarte heidningar òg oppi skogen,» sa han. «Huff, vi må ikkje gå altfor langt,» sa han Kolbein, bror hans, og lest som han var fælen.

«Å, trur du vi er redde nokre skarve, svarte heidningar?» sa han Pål og slo til ei bjørk så det rauk. «Men kvifor er dei alltid så svarte, heidningane?» spurde han Kolbein.

«Å, kan du undrast på det?» sa han Gunnar. «Det er heidenskapen som er så fæl i dei, så dei kan ikkje anna enn vera svarte. Du skulle høyrt kva han sa, han Palle, som preika misjonen nedpå Træ. Det var mange som var så innbarka, så det beit mest ingen ting på dei, sa han. Dei visste seg mest inga råd, misjonsfolka, kor mykje dei streva og bala med dei.»