Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/57

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent



Då dei kom ut om morgonen etterpå, då var det underleg. Det hadde komi snø, som dei hadde tenkt, fyrste snøen for i år. Og det var ikkje berre litegrann heller. Det hadde luffa ned om natta, så det var full vinter med ein gong.

Der som det i går hadde stått berre ei og anna bjørk, der var det no som ein heil villskog; og der det hadde vori tett med skog før, var det no reint i eitt med topp i topp og grein i grein som ein tjukk åker. Og øvst oppe stod dei gamle furene som svære risar med kvite kåper og hetter opp imot himmelsynet.

Dei hadde straks teki til å tenkja på kjelkane sine frå i fjor, gutane, og tala om å setja dei i stand. Men fyrst måtte dei ut og va i all denne mjuke fine snøen og gå opp til snøskogen og sjå han endå betre. Dei skunda seg og fekk på seg skor og vottar og fann seg kvar sin lang stav, og av stad bar det oppetter bakkane.

Hadde han vori rar å sjå, skogen, då dei stod heime, så var det endå mykje underlegare då dei kom opp i han. Greinene bøygde seg djupt ned under snøbyrda, og mange av ungbjørkene hang radt ned på marka med toppane. Det var som ein skulle gå under svære kvelvingar og portar oppetter. Og kvar ein liten busk stod som ei kvit såte med snø.

Det hadde letta opp med vêret frametter