Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/63

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


seg. Dei var trøytte og leie og svoltne; og Gunnar og Pål, dei to største, var heller ikkje altfor rolege i seg.

Det hadde dregi etter med dei, at det kanskje ikkje var som det skulle vera med den misjonen dei hadde fari med. Dei hugsa koss det gjekk den gongen dei kniste åt han Lamma-Lars, då han song og preika misjonen uti Marta-stova; det var berre så vidt dei slapp riset etterpå. Og dei hugsa han Truls nedmed sjøen; han ville vera klokare enn han Lamma-Lars og sa litegrann imot han den gongen dei hadde misjonsmøte hjå han Per. Men sidan gjekk dei berre olme og tala ilt om han, alle dei som vakte og skikkelege folk skulle vera. Han Lamma-Lars hadde endå slegi på at det var ikkje visst kva slag stygg mann han Truls stod i kunnskapen med. Men kva ville dei då seia, fekk dei vita om dette? Otten sat sistpå i dei som ein vond sting. Einaste råda var at dei kunne få dølja det vel ned.

Dei tok så dei minste med seg attom husa og truga dei til å teia og lova dei ris så det sveid, var så dei våga å slarva. Og sjølve kjende dei med seg at det var nok best dei ikkje drøste for mykje om heidningar og misjon no på lenge. — Då våga dei seg inn og skifte klede, og det kunne nok trengast for det var ikkje langt ifrå at dei var skjortevåte.