Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

dei såg langt utetter og innetter. Der var store vikar og kvite nes, og mange gardar som dei aldri visste namn på eingong. Fjella på hi sida fjorden var så høge og røselege, og dei såg atti blånande snøfjell gjennom eit skard langt i aust. Det måtte vera der dei ville reinsdyra var, og bjørnane.

Men underlegast av alt var garden heime, når dei såg ned på han herifrå. Det var berre så vidt dei kjende seg att. Husa var som ein krins av små firkantar med flate tak, og vegane gjekk som granne makkar bortetter bøane. Storåkeren var som ei rund baksterhelle, ein annan var som biletet av ein stor hane, og Røyseåkeren hans Per var radt lik ein mann som heitte Teis Lundegaard heime i boka. Folk som gjekk mellom husa, var mest som runde nyste som ok seg fram. Der kom eit nyste alt opp til bekken. Det var visst ho Anna. Dei sette i og ropa på nyste-Anna, men fekk ikkje noko svar. Dei skræmde berre opp ein brun hauk nedi fjellet og såg beint ned på ryggen på han; det var som dei skulle sitja oppi skyene og sjå ned på alt.

Så fylgde dei utetter fjellkanten og fann steinar dei kasta utføre, i eit bekkejuv fann dei sistpå ei heil lita urd å ta av. Steinane gjekk fyrst i lause lufta eit langt stykke, så snerta dei ein fjellkant og gjorde eit tverrhopp langt ut, og ramla så ned i lia nedunder, så det knaka og braka. Det stod som ein røyk etter dei største, og lukta som av brent. Dei fann seg handspakar og sleit og reiv, så dei sveitta.