Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/5

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Det var ein dag fram på sumaren. Det var så fint vêr. Pål og Kolbein frå austre stova og Gunnar og Andres frå vestre stova hadde vori med og kjerva lauv om morgonen, og så fekk dei lov til å gå til fjells og sjå etter molter sidan om dagen. Dei måtte berre lova at dei ikkje skulle vera for lenge, og at dei skulle ta seg i vare for tjørnene og fjellstupa. Så fann dei seg never-koppar og fekk niste med, og i veg bar det oppetter den bratte stigen. Dei var berrføtte og berrerma. Sola skein i skog og urd, og det var så ljost og gildt. Dei tok snart til å finna jordbær mellom steinane, og så fann dei ein fugl i lauvet. Stakkar, han var daud. Men fjørene var like fine enno. Dei plukka av dei største og sette i luvene sine liksom indianarane. Stavane deira var spjut, og siklebekken borti urda var ei fæl elv med krokodillar i, som åt opp folk. Så rusla dei lenger og var ferdige til å tyna alle dei krokodillar som fanst.

Oppå fyrste fjellhøgda kom dei til den nedste fjellslåtta. Der stod ei lita løe bortunder ein bergvegg, og der var grønt og fint som heime på ein gard. Dei kvilde ei lita stund og gjekk sidan fram på fjellet bortafor og såg utføre. Hu, så bratt det var. Fjorden og alle gardane låg djupt nede, og