Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Då høyrde dei med eitt noko ropa, og vart var ein mann som stod nedpå bøane og glana opp og vifta med armen; det var nok far åt Pål og Kolbein. Dei skjøna straks kva han gaula for, og sprang glosvint attom buskane. Det var han som åtte lia nedunder, og han var så vår om skogen at han tolde snautt dei skar ein prikk i ei bjørk; så kunne ein vita kva slag læte det vart no. Berre han ikkje kom med ris i kveld! Pål og Kolbein miste mælet av otte. Det einaste kunne vera at han ikkje hadde kjent dei. Dei rømde og grov seg stilt som tjuvar oppetter tettaste skogen.

Det var høgt lyng og einer alle stader og fanst ikkje veg. Dei stakk seg på føtene, så dei minste var på gråten, og med eitt sette han Andres i eit skrik og hoppa ende opp. Det fór ein roglut orm inn i ein busk tett attmed. Han og Kolbein sprang på berre livet oppe på den største steinen dei såg, og stod berre og skreik; men dei to største lyfte stavane og ville slå han i hel. Men det var ikkje fullt så greitt å vera modig no som då det stod om krokodillane nedi urdene. Dei stod på tærne oppå ein liten stein og våga berre så vidt å stikka bort mot busken. Då kom ormen ut att på andre sida og kvæste og bles, så det var fælt å høyra, og han var så fælsleg stor. Så bukta han seg bortetter lynget og inn under ein stein. Gunnar og Pål spratt opp på den store steinen, dei med, og der vart dei ståande og var bleike av redsle alle fire.

Men dei kunne ikkje gje seg til der. Dei laut sistpå våga vona og hoppa frå stein til stein opp-