Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

lyfta han over alle steinar og bekkefar; men han mjukna opp etter kvart så han gjekk elles.

Utmed myrane utafor stølen stogga Kolbein og Andres og venta til dei to andre kom etter. Då hadde dei komi til å tenkja på noko, dei to små: tordivelen. No hadde han nok hus for vinteren, men kva hadde han å leva av i huset sitt? spurde dei.

Ja det, ja; — dei hadde fått slik medhug for alt som svalt og leid vondt no, etter dei fann veren, at dei lo ikkje åt dette dei to største heller. Dei leita i lommene sine, og så fann han Gunnar ei lita flis gamalt spekekjøt; den sprang han opp med og stakk inn i huset. «Men når vi kjem att ein annan gong, skal vi ta med oss eit kokt jordeple til deg,» sa han, og tordivelen baud ikkje imot åt det; han låg og kosa seg nedi mosen og hadde nok alt lagt seg for natta. Så tok dei i veg att.

Dei lét svært vel heime, då dei kom med veren dei hadde berga; det var ein av husmennene som åtte han. Men mest av alle skrepte bestemora, då dei kom borti stova til henne fram på kvelden. Ho hadde alltid så ilt av det som leid vondt. Ho var på gråten, når ei høne lagdest sjuk, og ho fekk ein nygg av otte berre den gamle katten hennar naus vel mykje; og ein gong dei fann ein sau som hadde hengt seg fast oppi urdene og legi der og talmast i hel, fekk ho ikkje sova skikkeleg i to netter etterpå. Og det hadde ikkje vorti betre no, hadde denne stakkars veren loti pinast til dauden,