Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/54

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


innsokne og dimme, kjeften hang halvopen med tunga langt ut. Han ville reisa seg, men skjaga og skalv, så han seig på kne att nokre gonger, og han var lett som ein sopp då dei lyfte i han og ville hjelpa; det var som han var berre skinn og bein under fellen.

Dei skjøna det straks: han måtte ha stått her innestengd så lenge at han var halvdaud av svolt, og bræka etter hjelp til han var mest kvævd og berre lét stygt nedi halsen. Vonde folk måtte ha stengt han inne, eller kanskje han berre hadde smogi inn for uvêret og døra hadde dotti att. Han hadde toggi opp nokre kjeppar borti ei krå, så det var att berre tjukke veden, og det var likt til at han hadde eti på sjølve svarte molda.

Pål og Gunnar reiv av seg kvar sin sko og sprang ned til ein bekk etter vatn, og han vart så glad då han fekk det, at han sette i og bura. Han tømde skorne i ein sup og sleikte etter kvar dropen, og han sleikte på dei våte hendene deira. Så sprang dei og reiv gras til han, og han gløypte og åt det mest heilt. Stakkars tinget; dei klappa han på hovudet og fann meir og meir; det var så synd for han. Og her kunne han enno vorti liggjande og talmast radt i hel, hadde dei rømt for låten no òg, og fari heim med sauene. Dei lova at dei aldri skulle vera redde stygg låt meir.

Då han hadde drukki og eti eit bel, hadde han komi seg, så han så vidt kunne stavra og gå ut. Så tok dei to minste til å driva sauene heimetter, og Pål og Gunnar kom etter med veren. Dei laut