Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/53

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Dei kom i hovudbrot over dette alle fire, og det var med eitt som det heile ikkje var fullt så farleg no då dei var så langt ifrå.

«Og sauene går like roleg… det var underleg at dei ikkje skulle skjøna det og røma, dei òg,» sa han Pål.

Dette hadde dei ikkje tenkt på før, og det gjorde dei med eitt så modige at ikkje eingong dette om fugleskrik var radt uråd lenger. Og så vart dei samde om at dei skulle gå opp for brotet att og innetter eit stykke og sjå betre på dette.

Men vare måtte dei vera i eitt og alt enno. Dei såg seg føre for kvart steget og stana ofte og lydde, dei fann seg lange påkar og løyste knivane i slirene, om eitkvart skulle koma på. Men det kom ikkje noko på. Sauene gjekk like roleg innpå vollen, dei høyrde ingen ting lata lenger, og det var like ljos dag enno. Dei våga seg heilt inn til stølen att og ville til å huska i hop smalen og flyga i veg med han… då sette det i og let så høgt at jamvel sauene rundt husa stokk opp, og dei høyrde denne gongen skilleg kva hus det kom ifrå.

«Men du … det er ein sau som brækar, tykkjer eg!» ropa han Gunnar.

Ja, så menn!

Dei sprang opp til huset og såg inn, og då var det heile berre ein ver med store horn som låg der innestengd. Gutane både lo åt seg sjølve og var glade.

Men som han såg ut, veren, då dei kom inn til han! Han var ruskut og fæl i ulla, augo var